Pårørandeskulen er ein møteplass der ein ønskjer at pårørande skal oppleve støtte i utfordringane dei står i. Førelesingane vert halde av ulike fagfolk, og du vil få moglegheita til å ha dialog med andre pårørande.
Tema for dei ulike kveldane blir
- Informasjon om ulike demenssjukdomar
- Aktivitet og deltaking
- Tilbod i kommunen og velferdsteknologi
- Kommunikasjon, nettverk og pårørandestøtte
- Pårørandefortelling
- Framtidsfullmakt/samtykkekompetanse
Stad: Kulatoppen omsorgssenter, E-fløyen
Datoar: 5. februar, 12. februar, 26. februar og 5. mars
Klokka: 17.30 - 20.30
Servering og kaffi og litt attåt!
Spørsmål og påmelding sender du til demenskoordinator Leni Klakegg innan 25. januar 2026. E-post
leni.klakegg@kinn.kommune.no, telefon 46 80 06 02.