Arrangement

Foreldrekurs i trygghetssirkelen ved Måløy helsestasjon

Arrangeres av:

Å vere forelder kan vere både lett og vanskeleg. Skulle du av og til ønske at barnet ditt kom med brukarmanual? Ingen barn har ei eiga oppskrift, men vi kan trene oss i å sjå barnet sitt behov. No tilbyr vi foreldrekurs.

Kurset passar for alle foreldre, spesielt for dei med små barn. Du treng ikkje oppleve vanskar med barnet ditt for å ha glede og nytte av kurset.

Praktisk informasjon

Kurset går over 8 samlingar med oppstart onsdag 9. september. Vi vekslar mellom onsdagar i oddetalsveker og fredagar i partalsveker. Vi legg opp til foreldregruppe med 6 til 10 deltakarar.

Vi vekslar mellom å sjå film, samtalar og refleksjon. Ein vel sjølv kor mykje ein ønsker å dele i gruppa. Treng du å vite meir om kurset, ta gjerne kontakt med oss på telefon.

Det er ikkje høve til å ta med barn på kurset.

Oppstart

  • Onsdag 9. september kl. 14.00–15.30
  • Stad: Måløy helsestasjon

Påmelding

Du kan melde deg på heilt fram til dagen kurset starter. Ring eller send SMS til:

  • Helsesjukepleiar Barbro Sævik Silden
  • tlf. 958 10 119
  • Helsesjukepleiar Helga Iversen Skartveit
  • tlf. 456 38 312
Kategori
Learn

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

September 9, 2026

12:00 — 13:30

Praktisk informasjon

Sted:Måløy helsestasjon
Adresse:Gate 1 120, 6700 Måløy, Noreg
Kontaktperson:

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.

Kart