Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kystmuseet i Sogn og Fjordane ligg flott plassert i skjergarden eit lite stykke utanfor Florø sentrum. Vi er eit museum som skal løfte fram historia til alle kystkommunane i Sogn og Fjordane - frå Gulen kommune i sør til Stad kommune i nord. I løpet av året har vi ulike tilbod for heile familien. Vi har fleire arrangement med verkstader og ulike kjekke aktivitetar. Desse har forskjellige tema, samt føljar dei ulike høgtidene og årstidene. I samarbeid med kommunen er vi ein av fleire aktørar som er med på å huse OPE HUS arrangement med ulike spennande tema. Vi arrangerer også interessante kurs og foredrag knyta til kystkulturen. Omvising, skuleopplegg og utleige av lokalet er også noko vi tilbyr på Kystmuseet. Vi kan tilby fleire utstillingar. I båthallen har vi ei stor samling lokale båttypar og gjenstandar som fortel om korleis livet var i samspel med ressursane ein kunne hauste frå havet. I Florø-utstillinga kan du oppdage korleis det gode sildefisket klarte å utvikle eit tynt befolka område til å bli Noregs vestlegaste by. I tillegg set vi opp mellombelse utstillingar gjennom året. Vi har ein koseleg kafé og ein fin museumsbutikk, kor man kan finne ein fin gåve eller kose seg med ein kopp kaffi med noko attåt. Utandørs kan du kose deg med kjekke familieaktivitetar på bryggekanten, eller ta turen ut på museumsområdet blant historiske sjøbuer over kystlyngheia. Langs godt tilrettelagde turstiar kan du følgje natur- og kulturløypa vår.

Kopier lenke for å dele til Facebook-grupper

Praktisk informasjon

Adresse:Kystmuseet i Sogn og Fjordane Brendøyvegen 25B 6900 Florø
Kontaktperson:
Internettadressemisf.no
Følgere av arrangørsiden: 3
Sist oppdatert: 4. september 2026

Ta gjerne kontakt om du lurer på noe.